«Denne skrivaren er 72 år, men har aldri før registrert møte med ein engel – men det har mange andre gjort og skildra på framifrå gode måtar. Slikt stoff er vanskeleg å få inn i aviser, men avisa Nordhordland har teke inn mykje av det eg har skrive om kristen tru. Takk for det. Her vil eg koma med ei historie eg opplevde i 2012 ; og som eg skreiv ned på min PC same dagen som det hende. No kan det vera slik at underskrivne, som etterkvart kan kallast ein gamal mann, kan fantasera og finna på ting som ikkje har rot i røynda. Men når andre personar ser nett det same som eg gjer, så er det gjerne sanning likevel. Her skal eg freista å skildra denne hendinga,» skriver Ture Andersen som har videresendt innlegget til Søkelys
I dag skriv me 14. september 2012, og kona samt denne skrivaren har vore i Åsane og vitja ulike butikkar : JULA ,som er nyopna, Biltema og Coop-Obs. Underskrivne er god kunde hjå Biltema i Åsane. Dei siste tre åra har eg truleg kjøpt varer for meir enn 200.000 kroner i denne butikken. Eg har utrusta ein stor trebåt ( 33 fot – åtte tonn tyngde ) med det mest moderne innan navigasjon og radiosendarar ( AIS ), landstraum, oppvarming, TV med antenneforsterkar og mykje anna. Seinare kjøpte eg også ein fiskebåt som slett ikkje var ferdig utrusta, og har no fått ein brukande båt med hydraulisk hevearm og teinehalar, inklusive rom for levandefisk med sjøvassirkulasjon, navigasjon med ekkolodd og mykje annan utrusting. Difor har eg brukt mykje pengar hjå Biltema, og utan denne butikken med » tusen duppedingsar «, hadde eg ikkje kunna montera så mykje utstyr i to båtar.
Så attende til Biltema og hendingane i dag. Kona fór for seg sjølv ; slik som ho plar gjera, for å finna slikt som interesserer henne. Eg var ute etter ei spesiell motorolje som eg brukar på dei to militærbilane som er i mi eige.
Kjære lesar, no må eg diverre gå i detaljar om motorolje, slik at du skjønar kva som hende då eg møtte denne engelen. Biltema har ei spesiell olje som vert kalla LOW SMOKE; som ein kan bruka på gamle og sletne motorar. Denne olja stod før på golvplan hjå denne Åsane-butikken, i lag med vanleg mineralolje, men fekk ny nemning no sist vår, og vart flytta i ei hylle i lag med andre spesialoljer. Den gongen kjøpte eg ein slik 4-liters dunk, men hadde no trong for å kjøpa meir av denne olja.
Først saumfór eg hylla, der denne olja stod i vår – med negativt resultat. Så gjekk eg tilbake til golvplan der olja stod i fjor – men der var det ikkje noko slikt å sjå. Så kontakta eg ein av dei røynde tilsette bak disken på lageret, og han byrja å undersøkja kor denne olja no var plassert. Han saumfór katalogen, spurde andre tilsette der, gjekk til ein annan dataterminal nær båtavdelinga, kom så attende til disken og byrja bla påny i katalogen; men forstod ingen ting kor denne olja var plassert. Han var nær ved å gje opp å finna olja.
Medan eg stod ved denne disken, vart eg tilsnakka av ein mann som stod rett ved høgresida mi, og han seier :- Du står med foten din på eit » skyvelær «, og medan eg løfter opp høgrefoten, bøyer han seg ned og tek opp dette skyvelæret og legg det på disken i det han seier : – Ja, det er ikkje mitt skyvelær, så eg legg det her. Eg fekk augekontakt med denne vesle og etter måten magre karen, og det lyste sjeldan godheit ut or han ; og eg takka for hjelpa.
Den butikktilsette var komen framom disken att, og byrja påny å undersøkja hyllene der olja stod i vår. Brått kjem denne ukjende vesle mannen kring 40 år mot meg med nett ei slik 4-liters kanne med LOW SMOKE olje som me hadde leita etter ei god stund.
TUSEN TAKK, jubla eg til han, men kor fann du denne olja, spurde eg. Ho stod rett bortom her, sa han, og peika på den staden der denne olja stod i fjor. Men borte var denne karen før me fekk snudd oss rundt. No var også kona mi komen bort til meg, og ho hadde også lagt merke til denne vesle mannen som gjekk i grå klede, og som hadde vore så hjelpsam mot meg – og som brått forsvann » i lause lufta » for oss.
Underskrivne er slik oppbygd at eg vil til botnar i saker og ting som dukkar opp. Difor gjekk både kona og eg grundig til verks, og undersøkte all olje som stod på golvplan hjå Biltema, men denne spesialolja for sletne motorar var slett ikkje å finna. Ho var IKKJE i denne butikken. (Innlegget fortsetter under videoen)
Då står det berre att ei forklaring : Det var ein engel som hjelpte meg slik at eg fekk tak i nett den olja eg var ute etter ( han vart brått borte i ein augneblink ). Eg utbraut til kona : Såg du dette ; det var ein engel… Ja, ho såg nett det same som eg såg, og me har snakka mykje om denne overnaturlege hendinga seinare.
I ettertid har eg tenkt mange gonger : Kvifor synte denne engelen seg for meg i ei så lita » fillesak » som å skaffa rett motorolje til to militærbilar ? Det kan eg ikkje svara på, men i dei tider dette hende ; var eg oppe i ein vanskeleg situasjon, som krov svært mykje av meg. Kan henda var det berre for å syna meg at Vårherre alltid er parat til å hjelpa; om du bed han om hjelp. Det gjer eg kvar morgon når eg vaknar. Det som verkeleg er viktig for oss menneske, er å leggja heile våre liv i hans hender ; og såleis gå inn i hans ferdiglagde gjerningar for kvar einskild av oss.
Eg er heilt sikker på at somme av dykk som les om denne underlege hendinga ; har opplevd liknande i livet. Ta mot til deg og skriv om opplevinga. Slikt kan føra til at andre menneske tek den viktigaste avgjerda i livet : Koma til tru på Jesus Kristus som einaste frelsar for oss syndige menneske.
I 2012 sende eg denne opplevinga over til ein kjend kristen leiar ; og hans kommentar var følgjande : Englar er langt meir vanleg blant oss enn me er klar over.
Skrevet av ukjent -vidersendt avTure Andersen
Takk for at du tok inn dette innlegget , Kjell . Det er både opplevd og skrevet av undertegnede og var på trykk i avisa Nordhordland for flere år siden. Hendelsen fant sted i 2012.
Hilsen
Ture
Det er mange som har opplevd det samme som jeg beskriver her – men de fleste har ikke mot til å stå frem offentlig med slike opplevelser. Vi vet at Vår Herre tåler ikke feige folk ( lunkne ) – de blir spyttet ut ; sier skriften. Etter at dette innlegget stod på trykk i Avisa Nordhordland i 2014 ; merket jeg at mange sambygdinger » skulte » på meg – de trodde visst jeg var blitt » klin kokos «. Dette merket jeg også fra kjente personer som tilhører Indremisjonen.
Men jeg sendte innlegget til pastoren for Pinsevennene her i Nordhordland før det ble sendt avisen – og hans kommentar var at engler er langt mer vanlig enn man er klar over.
Sist vinter averterte Dnk i avisene at en svensk journalist skulle komme til kirken her i Meland og fortelle om sin opplevelse da hun møtte en engel. Jeg var da utmeldt av Dnk ; og gikk ikke dit. Etterpå kunne jeg lese at biskopen i Bjørgvin også møtte opp for å høre på denne svenske kvinnen og hennes opplevelse i Meland-kirken.
Denne mannen jeg møtte på Biltema i 2012 , var liten av vekst og tynn og gikk i en grå frakk. Han hadde Stavanger-dialekt. Da innlegget hadde stått på trykk ; fikk jeg vite at en dame på Østlandet møtte nett samme mannen da hun ble utsatt for en alvorlig bilulykke.
Fin historie. Takk.
Gud bryr seg om hver minste ting.