Ture Andersen «FER KRISTENDOMMEN FER OGSÅ FRIDOMEN»

Det seiest at kring tre prosent av innbyggjarane i gamle Noreg trur at det finst ein himmel å vinna og eit helvete å flyga vekk frå . Såleis kan ein slå fast at vårt land ikkje er ein kristen nasjon lenger. Kristendommen har meir eller mindre vorte fjerna frå barnehage og skule . Me veit kva Lebesbymannen meinte : Sosialisme er gudsfornekteri . Mange er korkje døypte eller konfirmerte og har såleis ikkje fått vita kva som står i Skrifta . Humanetikarane apar etter kyrkja og driv sjølve med konfirmasjon . Så langt eg veit så tyder konfirmasjon : Stadfesting av trua . Kva føregår under ein borgarleg konfirmasjon ? Stadfesting av ikkje-tru ?. Ture Andersens innlegg er opprinnelig publisert på Document.no og også sendt til Norge i Dag.

Skrevet av Ture Andersen

Sovjetunionen under Stalin kom med forbód mot kristendom . Då kjem kontroll-samfunnet inn med overvaking og spionar blant innbyggjarane . Fekk ein mistanke om ein utru nabo : Så vart vedkomande sendt sporenstreks til straffeleir i Sibir . Hundretusenvis av Sovjetborgarar hamna der og kom aldri levande att derifrå . Det same ser me no i nordlege Vietnam . Der er det straffbart å verta kristen og det skal ikkje mykje til før regimet syter for avretting av slike . I kristendommen er grunnprinsippet fridom . Tenk at vår himmelske far har gjeve oss fritt val om me vil tru på Han eller la vera . Eller å tru på hans son , Yeshua , eller la vera . Som alt anna i denne verda ; så får våre avgjerder konsekvensar : I denne samanheng uhyggelege konsekvensar . Me hugsar desse orda frå Frelsaren : « Får jeg frigjort Eder ; så blir I virkelig fri «.

Vårt kjære fedreland er i ferd med å verta meir og meir eit kontrollsamfunn. Alt me skriv av e-postar skal lagrast slik at styresmaktene kan kontrollera oss. Alle våre innkjøp av varer skal også liste- lagrast . Kontantar er som pesten : Slikt skal me ikkje ha . For fem år sidan gjekk den elektriske straumen her i kommunen den 23. desember – og denne var borte i to døgn. Folk stod på kjøpesenteret for å handla inn til jul . Det vart bråstopp då betalingsterminalane kollapsa – dei treng elektrisk straum : Berre dei med kontantar fekk kjøpa inn til denne høgtida .

Me har ein farleg fiende i aust . Om russarane finn det høvande å gjera livet vanskeleg for oss nordmenn : Så har dei ulike verkemiddel . Ein pensjonert general nær president Putin kunne fortelja kva russarane vil gjera i samband med eit åtak : Slå ut den elektriske straumen samt skyta ned kommunikasjonssatelittar. Har du ikkje kontantar i lommeboka di då : Så kan du ikkje handla noko . Her eg bur kan me ta ut kontantar i daglegvare-butikken . Men grensa er på 10.000 kroner i månaden og maksimum 50.000 kroner i året . Ein kan då spørja : Er det eg som eig pengane som står på min private konto eller er det andre ? Kven er så dei andre ?

Denne meiningsytraren er 81 år gamal og kan hugsa fleire glimt frå 2. verdskrig . Såleis har eg opplevd den enorme entusiasmen etter krigen og oppbygginga av landet vårt med friskt pågangsmot og iver . Den situasjonen som våre politikarar no har ført Noreg ut i : Vil truleg resultera i full kollaps og katastrofe . Me har eit kongerike utan ror – meiner eg . Roret er kristendommen.

Skrevet av Ture Andersen

 

Ture Andersen

8 tanker om “Ture Andersen «FER KRISTENDOMMEN FER OGSÅ FRIDOMEN»

  1. Leste først kronikken din på document.
    Takk for et fint perspektiv du gir på virkeligheten.
    Setter stor pris på de temaene du tar opp.
    Ikke slutt med det👍🏻

  2. Kven hugsar ikkje denne Hallesby som skremde vitet av mange med sin usmakelege og sadistiske tale.
    https://www.nrk.no/arkiv/artikkel/hallesbys-tale-om-helvete-1.1754269

    For det første er dette helvetessynet totalt i strid med det jødane lærer i Tanakh.
    Vanleg fornufts-tenking fortel oss at om dette var sant, så gjorde det Gud om til den største sadisten som finst.
    Både du og eg har kjekke folk rundt oss som lever eit anstendig liv, men som kanskje ikkje bekjenner Jesus.
    Kan DU tenkja deg at du ein dag er frelst/redda og så veit du at son din eller dotter ligg og pinest i ein eldsjø- greier du å gleda deg over di eiga lykke?
    Det er for barbarisk og heldigvis berre løgn.
    Jødane lærer at det er ei straff. For mange kan straffa verta total tilintetgjering.
    For andre kan det verta ein såkalla «renselse». 12- 14 mnd er maks, slik jødane lærer.
    Dei kristne blir forfølgd og trist er det.

    Ser ein på jødane si liding. så er dei kristne skuld i mykje av det. Hitler var inspirert Martin Luther som var ein av dei største jødehatarane me kjenner til. Utallige jødar har gått i døden fordi dei nekta å bekjenna Jesus.

    «Jeg vil gi mitt råd så godt jeg kan: For det første: At man setter fyr på deres synagoger og skoler. (…) For det andre: At man på samme vis også river ned og ødelegger husene deres (…). For det tredje: At man tar fra dem alle deres bønnebøker og talmudiske skrifter (…)»

    Dette skreiv reformatoren Martin Luther om jødane på slutten av sitt liv.

    https://www.youtube.com/watch?v=jDbOCKdSIR8&t=77s

    • Torstein Langesæter opererer i Antikrists ånd.
      Hans påstander om Trump er absurde.
      Det er så man ikke kan annet enn å riste på hodet.
      Hvor forført er det mulig å bli?
      Nå har jeg fått med meg at Torstein i tillegg til å avvise Paulus også forkaster Jesus.
      Johannes skrev:
      2 Joh 1,7 For mange forførere er gått ut i verden, som ikke bekjenner at Jesus er Kristus, kommet i kjød; dette er forføreren og Antikristen.
      Som vi alle kan se, er Torstein Langesæter av forføreren og Antikristen.
      Bibelske kristne gjenkjenner Antikristens ånd gjennom Torstein Langesæters skriverier.
      Jeg vil advare sterkt mot den forførelse Torstein representerer.
      Han har kunnskap i det gamle testamentet og jødenes lære, men det er også alt han har.
      Derfor forakter han de kristne som sier sannheten. Slike Guds menn som Ole Hallesby som ikke var redd for å forkynne hva Guds Ord sier.
      Det er trist.Torstein har bommet på målet og fører vill og farer vill.

    • Det er ingen som tror fult og fast på Jesus Kristus som lar seg forføre hverken av Torstein Langesæter eller JV eller noen annen sekt.

    • Torstein Langesæter:
      Jeg tror jeg har spurt før men det er ofte stille når spørsmål dukker opp.
      Hvilken funksjon har gamle og nye testamentet om hverandre? Gamle snakker jo mye om Jesus og hans viktighet, samtidig som Paulus prater om viktigheten av gamle. Jødene er Guds utvalgte folk men har blitt forblindet for sannheten frem til fe siste tider ifølge Herren selv.
      Er NT bare en mengde bøker med svada eller hva er tingen her?
      Om det ikke kommer noe fornuftig svar så er det jo vranglære. Jeg er ikke ute etter å dømme, men et noe utfyllende svar hadde vært velkomment.

    • Fast og urokkelig

      Så sant. Det preller av. Absolutt INGEN som tror fult og fast på Jesus Kristus lar seg forføre hverken av Torstein Langesæter eller JV. De skal stå for det de gjør av forførelse, alvorlig er det.

      Disse 2 og andre beviser bibelen. Frafall og forførelse blir verre og verre. Håper Langesæter får et møte med Mannen fra Nasaret. Jeg ønsker å se Torstein i sky.

  3. Jeg vil advare sterkt mot den forførelse Torstein representerer.
    ———————-
    Kristne burde studera Tanakh eller GT.
    Kvifor trur ikkje jødane at Jesus er Messias?
    Korleis les jødane td Esaias 53?
    Diverre stemmer ikkje Tanakh med NT. Det er litt vemodig å oppdaga det etter at ein har trudd på det heile livet.
    Samtidig er det veldig befriande å læra sanninga å kjenna slik me finn den i Tanakh.
    Herren Gud er EIN. Treenigheten er ei falsk lære.
    Jesus er IKKJE Herren Gud.
    Forteljinga om Maria og Jesusbarnet er kun ei vidareføring av Astarte/Tammus historien. Det er Baal-dyrkelse.

  4. Aravna.
    ———-
    Hvilken funksjon har gamle og nye testamentet om hverandre? Gamle snakker jo mye om Jesus og hans viktighet,
    Svar:
    Det vert ofte sagt at det er hundrevis av profetiar i GT om Jesus?
    Dette er sjølvsagt feil.
    Og det er dette jødane forklarar. Ta td Esaias 53. Det handlar ikkje om Jesus men og Guds tenar – Israel.
    https://www.youtube.com/watch?v=ioDqH7TAQhM&t=1275s
    https://www.youtube.com/watch?v=vX8e0IXc4yo&t=419s
    https://www.youtube.com/watch?v=jN4r41qPUUc&t=1601s
    https://www.youtube.com/watch?v=SH3g5EqzTe8&t=217s
    ————————–
    Enkelt sagt så er NT falskt. Pauus vrir og vender på tekstar i GT og misbruker dei.
    https://www.youtube.com/watch?v=jZV_cncCTA4&t=71s
    https://www.youtube.com/watch?v=gWfOd-6pTNI&t=373s

    Det er tusen ting å skriva om. Ta deg tid til å lytta til jødane som forklarar tekstane.

    https://www.youtube.com/watch?v=hsPgvgbxpxU
    ———-
    Jødane er ikkje forblinda. Det er ei av løgnene til Paulus.
    Sakarja 8 seier at i framtida er det folk frå nasjonane som vil innsjå at jødane hadde rett.
    «Så sier Herren over hærskarene: I de dager skal ti mann av alle språk og folkeslag gripe tak i kappefliken til én judeisk mann og si: «La oss få gå med dere, for vi har hørt at Gud er med dere.»

    Det er ikkje jødane som kjem til dei kristne for å få rettleling.
    Tempelet i Jerusalem skal stå evig , står det.
    Folk frå nasjonane skal vandra dit for å læra om Guds Torah.
    Ofringane skal halda fram lærer Esekiel. Det er berre tull at Jesus avvikla ofringane då han døydde.Han var ikkje Guds Lam. Gud kallar menneskeofring ein styggedom.
    Messia vil snart koma, men det er ikkje Jesus,
    Nåt han kjem skal det verta fred på kloden. Nasjonane skal smi om våpena og laga landbruksredskap. Nasjonane skal slutta med krig slik me ser i Ukraina og Gaza.
    ———–
    Er NT bare en mengde bøker med svada eller hva er tingen her?

    Ja, det er riktig.
    Med NT så er me rundlurt, beklagelegvis.
    Det er grunnen til at td både adventistane og Jehovas Vitne har gått fem på erstatningsteologien. Dei ser ikkje at det som skjer i det bokstavlege Israel no er det Tanakh talar om.
    Ikkje for å snakka om biskopane. Dei er totalt ført vill.
    Mitt råd er : Legg NT vekk og les GT så får du den rette læra.

Det er stengt for kommentarer.