Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) rapporterer om tilfelle av apekoppar (monkeypox) i fleire land i Europa. Folkehelseinstituttet følger situasjonen nøye. Dette er første gong det er rapportert om smittekjeder i Europa der dei smitta ikkje har vore på reise til område i Afrika der denne sjukdomen finnast, eller har hatt kontakt med andre smitta personar. Mange av tilfella er unge menn, blant menn som har seksuell omgang med menn (MSM).
– Det er uvanleg at det blir rapportert så mange tilfelle, og at dei smitta ikkje har vore på reise til Vest-Afrika. Folkehelseinstituttet følger situasjonen nøye, seier fungerande avdelingsdirektør Siri Feruglio ved FHI. Det har tidlegare kun vore nokre få tilfelle av apekopper. Apekoppar gir feber og vannkoppeliknande utslett. Dei fleste blir friske utan behandling. Det er kun i sjeldne tilfelle ein ser alvorleg sjukdom. Apekoppar fører svært sjeldan til dødsfall.