ISRAEL OG KRIGANE FØR HARMAGEDDON-SLAGET

Me som finn det hugsamt å lesa i Skrifta og grunda på opplysningane der : Kan koma til fleire konklusjonar no i endetida . Grensene til Israel er fastsette av Vår Herre slik : Frå Jordanelva til Middelhavet og frå Egypt-bekken til elva Eufrat . Det vil seia at Judea og Samaria ( Vestbreidda ) og Gaza samt Libanon vert lagt under Israels land . Eg trur at det er dette som no vil henda . Me veit at det tredje tempel skal byggjast opp att : Då må jødane sjølvsagt ha full kontroll over Tempelplassen – og dei to moskeane der vert truleg rivne i samband med byggjinga av tempelet.

-Gaza vil verta knust ; seier Bibelen . Dette er i ferd med å skje no . Egypt vil også verta utsletta . Truleg kjem dette landet påny i krig med Israel og jødane sprengjer Aswan-dammen . Då vil det verta fullstendig katastrofe for egyptarane . Hugs også på at Egypt ikkje er med under Harmageddon-slaget – landet er allereie øydelagt då . Bibelen fortél også at Damaskus , hovudstaden i Syria , vil verta knust i dei siste dagar . Såleis er det då logisk at Syria heller ikkje kjem med i det store panserslaget i Nord-Israel – på Harmageddon . Dei landa som vert med i det siste slaget på jord er desse : Russland – ved leiar Gog , Tyrkia , Iran , Libya og Etiopia ( Sudan ) . Desse landa er då ikkje slått ut militært sett i tidligare krigar på jord . Dei går til åtak på Israel for å røva til seg skattane som finst der – seier Skrifta. I klarspråk er dette olje og gass samt avansert teknologi .
I skrivande stund har USA store maritime styrkar plassert nært oppunder Israel – herunder hangarskipsgrupper som har enorm slagkraft . Om slike styrkar hadde vore der under slaget på Harmageddon : Så ville ikkje jødane tapt dette siste slaget . Men det gjer dei og Herren sender eld og svovel mot Gog-hæren og knuser han . Då finst to alternativ : Anten er USA slått ut i ein tidlegare atomkrig eller så har dei kome på kant med jødane . Då kjem eg i hug kva Lebesbymannen såg i eit syn ei november-natt i 1907 : Mange amerikanske byar stod i brann – om lag samstundes som denne flodbølja oppstod i Nordsjøen og gjorde stor skade i mange land – herunder i Noreg . Verknadene av atombomber er slik : Først eit kraftig lysglimt . Så kjem ei enorm
varmestråling der jamvél bildekk vert sett i brann . Så kjem ein uhyre kraftig vind ut frå 0-punktet til bomba . Deretter kjem ein kraftig vind motsett veg grunna undertrykket . Til slutt kjem det radioaktiv stråling . Russarane har missil som veg opptil 200 tonn og som har inntil 10 atomstridshovud ; som på eiga hand kan navigera mot kvart sitt mål ( Sarmat – missilet også kalt Satan 2 ) . Om ovannemde eg her har skrive innheld sanning : Så er Israel no berre i startfasen i høve til dei krigane som ventar dei . Det er godt mogeleg at jødane tek i bruk sine atomvåpen både mot Egypt og Syria . Desse kan skytast ut frå svære lastebilar , frå missil på bakken ( Jerico – missil ) eller frå israelske ubåtar .Både jødane og oss andre vil gå vonde tider i møte – inntil Herren hentar dei som skal rykkjast opp.

Skrevet av
Ture Andersen
Frekhaug

3 tanker om “ISRAEL OG KRIGANE FØR HARMAGEDDON-SLAGET

  1. Apropos Damaskus; Amir Tsarfati la ut et innlegg på sin telegramkonto i dag 23.08 kl 15, der han skriver at Assad, presidenten i Syria, dro til et statsbesøk til Russland, men returnerte aldri. Tvert i mot, han er der med hele familien sin. Det spekuleres i om syrisk eller russisk etterretning vet at noe kommer til å skje i svært nær framtid. Russland har som kjent sin eneste marinebase utenfor Russland i nettopp Syria. Og nå har Russland også inngått avtale om å bygge en marinebase i Sudan. Noe som passer perfekt inn i Gog- krigen beskrevet i Esekiel 38.
    https://www.nettavisen.no/nyheter/utenriks/russland-planlegger-marinebase-i-sudan/s/12-95-3424046534

    4
    1
    • SPIFF : Ja , det er rett : Russland har hatt en mindre marinebase i Syria i mange år . Videre så bygger russerne miranebase i Libya . Det var nytt for meg at russerne nå bygger marinebase i Sudan . I Bibelen står det at Etiopia skal delta i Harmageddon-slaget : Men landegrensene er endret siden den gang Bibelen ble skrevet og de kyndige mener at det er Sudan som blir med i denne siste krigen på jord . Der har det vært borgerkrig i flere år og menneskene lider stor nød og sulter . Det uvanlige er at også hovedstaden der er knust i denne krigen . Det virker som alt nå justerer seg inn på det store siste slaget mot Israel – Harmageddon .

  2. Også at Russland forsyner Iran….
    Takk for tanker og ord igjen Ture.
    Det er spennende og skremmende tider samtidig om dagen.
    Profetien til Wilkerson går vel også hånd-i-hånd med Lebesbymannen.

    3
    2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *