KrF-skuta på feil kurs

KrF skuta er på feil kurs, skriver Øyvind Årdal i partiet «De Kristne» som ikke må forveksles med det nedlagte partiet Norges Kristne

krf-homo-rosaTilbake i 2008 var det kampen om den nye ekteskapslova som skapte dei høgste temperaturane i den politiske debatten i Norge. Og KrF var det partiet som tydelegast fronta kampen mot den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Etter mitt syn hadde dei også gode argument å fare med. Dei ynskte å leggje det biologiske prinsipp til grunn for ekteskapslovgjevinga. Som kjent må det både ei kvinne og ein mann til for at eit nytt menneske skal bli til, og alle ber vi med oss genane frå mor og far vår. Difor er det naturleg for eit barn å vekse opp med mor og far, og ekteskapet mellom mann og kvinne burde difor ha ei særstilling i lova, hevda dei.

Barnet sine rettar var også sterkt framme i debatten. FN sin Barnekonvensjon, paragraf 7.1 seier at born så langt råd er, har rett til å kjenne og få omsorg frå både mor og far. Dei meinte at den nye ekteskapslova bryt denne konvensjonen ved at staten no er med på å planlegge farlause og morlause born. Lova seier klart at det ikkje er mogleg å ha både ein far og ei medmor.

Ein del KrF-arar drista seg jamvel til å argumentere utifrå Bibelen i debatten. «Til mann og kvinne skapte han dei», seier Skrifta, og dei viste til at familien og relasjonen mellom mor, far og born er sjølve hjørnesteinen i det kristne samfunnsbyggverket.

Vi som framleis krev omkamp om ekteskapslova, har ikkje problem med å gi honnør til KrF for den kampen dei kjempa tilbake i 2008. Men kva skjer i 2014? Når det gjeld denne saka, er vi vitne til ein av dei mest dramatiske snuoperasjonane i nyare norsk politisk historie. Dei som kjempa hardast mot KrF i 2008, var dei homofile sin politiske kamporganisasjon, LLH. I sitt alternative statsbudsjett foreslår KrF no ei løyving på 2 millionar til LLH for at dei skal få sleppe til i norske skular og barnehagar med si undervisning om temaet homofili. LLH har vist svært liten respekt for det klassiske kristne ekteskapet, og dei står nærmast for full anarki på det samlivsetiske området. «Alt er like bra, og her er det berre å eksperimentere seg fram.» No vil altså KrF presse regjeringa i denne saka. Vi får berre håpe på at Høgre og FRP har såpass politisk gangsyn at dei set foten ned og ikkje blir med på dette. Det er sjølvsagt ikkje greitt at ein politisk kamporganisasjon skal få sleppe til i skule og barnehage med eit så pass krevjande og vanskeleg tema.

Eit anna tydeleg bevis på KrF sin snuoperasjon, er at dei allereie i 2012 tilsette Gaute Brækken som politisk rådgjevar på Stortinget. Han er sjølv gift med ein mann og ihuga tilhengar av den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Han er også plassert høgt oppe på Oslo KrF si nominasjonsliste til lokalvalet neste haust. Rett nok står det framleis noko om det klassiske kristne ekteskapet i KrF sitt program, men kva hjelper det, når partiet viser noko heilt anna i praktisk politikk. Det seier vel også sitt når LLH, ifølgje NTB, nyleg utnemnde Hareide til homofavoritt blant partileiarane.

Vi veit at det framleis er mange solide kristne som kjenner sin Bibel i KrF, men eg kan ikkje sjå det annleis enn at desse er med på å gi legitimitet til den normlause politikken som partiet no fører. Det uroar meg at desse verkar å ha ein sterkare lojalitet til partiet sitt enn til Bibelen. Om denne utviklinga får fortsette, ser det ikkje lyst ut for kristendommen si stilling i landet vårt. «Om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med?»

Øyvind Årdal,
Partiet Dei Kristne, (PDK)
fylkesleiar i Møre og Romsdal

Én tanke om “KrF-skuta på feil kurs

  1. Jeg liker heller ikke det som representanten for De Kristne påpeker(forøvrig et arrogant navn på et politisk parti, som om de hadde enerett på det å være kristen)

    Men, vi så jo hvordan det gikk med De Kristne ved valget, 0,7 %, og det er ingen
    grunn til å tro at det skal bli bedre til neste stortingsvalg. De indre stridighetene som
    var i partiet, lederstrid og mange sterkt kritikkverdige forhold som ble avdekket, spesielt i ledelsen, tror jeg gjør at det har festet seg et inntrykk av at dette er et useriøst parti. Det tror jeg ikke De Kristne klarer å riste av seg.

    Partiet Kristent Samlingsparti, har jo også ligget og stampet på under et halvt prosentpoeng.

    Jeg er temmelig sikker på at det beste hadde vært om alle kristne kunne samlet seg om ett parti, og søkt å øve innflytelse på partiet.
    Vi hadde så sannelig trengt et sterkt KRF, som stod på de kristne verdiene, som kom opp i 10 %.

    Men, største skuffelsen de har vist, i mine øyne, var at de før valget ikke avviste samarbeid med FRP. Det resulterte i at jeg valgte SP denne gangen. For meg er det helt utelukket å stemme på et parti som samarbeidet med FRP. Et parti som står for det absolutt stikk motsatte av kristne verdier, på nær sagt alle måter.

    Mitt håp de neste tre årene, er at FRP og H blir filleristet av velgerne, og at vi etter neste stortingsvalg får en flertallsregjering med AP, KRF og SP.(de siste to forhåpentligvis av en viss størrelse).

Det er stengt for kommentarer.